TIMEBESTILLING PÅ NETT (obs velg opne i nytt vindu)

 

Vi er ein privat helseklinikk i Ulsteinvik som tilbyr mange ulike helsetjenester

 

 Vi legg vekt på service og fleksibilitet for å imøtekome kundane sine behov. 

Ta gjerne kontakt om du ikkje finn ein time som passar.

Vi kan tilby sjømannlege og offshorelege samme eller neste dag om du ringer! 

 

 

 

 

 

Kontakt oss

 


Telefon: (+47) 70 30 08 88
Adresse: Convexbygget 3.etg, Bjørndalvegen 7, 6065 Ulsteinvik

Sjå kart

 

 

KLIKK HER FOR TIMEBESTILLING PÅ NETT (obs velg opne i nytt vindu)

Det kan være ventetid på timetypar og vi kan ha andre tilbod, så send oss ein
epost eller ring om du ikkje finn time på nett! (husk å ikkje skriv sensitiv informasjon). 

post@nordvestklinikk.no -oppgi når du ønsker time, fødselsdato,
telefonnummer og kva tjeneste du ønsker!  

Vi tilbyr

 

 

 

Hjerteundersøking hjå spesialist i hjertemedisin

Helseattest for sjøfolk og offshore

Ultralyd utført av erfaren radiolog

Ultralydstyrt injeksjonsbehandling med kortison, hyaluronsyre og PRP

Ultralyd hjå jordmor for  gravide 2D/3D/4D

Kvinneleg gynekolog med m.a. ultralydundersøking, celleprøver m.m.

Jordmor med celleprøver, svangerskapskontroll og 6-vekers kontroll 

Førarkortattest og andre helseattestar

Allmennlege

Reisevaksinering, også rådgiving og avtalar for bedrifter

Ernæringsfysiolog 

 
 

   

 

 
 

Prisliste

 

 

 

 

Prisar gjeldande frå 1.1.2024

Reisevaksinering – konsultasjon/rådgivning.   850 kr 

Hjertelege

Konsultasjon med ultralyd av hjertet 2990 kr

Oppfølgingstime 1990 kr

 

Sjømanns- og offshorelege, allmennlege

Sjømannslegeattest 2990 kr

Sjømannslegeattest student 1790 kr,  vikar/sjølvbetalande 2490 kr

Offshorelegeattest 2990 kr

Kombinert attest 3790 kr

Førerkortattest 1190 kr

Konsultasjon allmennlege tlf10min/20min/30min    490/990/1290 kr

Matrielltillegg ved injeksjon 200.-

Generell helsekontroll hjå allmennlege inkl blodprøver ved behov,  1990 kr

Caudal epiduralinjeksjon, rotblokkade o.l. 1500 kr + 250kr i utstyr

 

Ultralyd

Ultralyd (full sjekk) 2290 kr

Ultralyd organområde 1490 kr

Ultralyd enkelt organ 990 kr

Ultralydrettleia kortisoninjeksjon 1990 kr + 150kr i utstyr

Ultralydrettleia hyaluronsyreinjeksjon 2590 kr

Ultralydrettleia PRP injeksjon med hyaluronsyre 3990 kr

Ultralydrettleia PRP injeksjon utan hyaluronsyre 3490 kr

 

Gynekolog

Gynekologisk undersøkelse inkl. vaginal ultralyd og celleprøve 1790 kr

Tillegg ved behov for vevsprøve 250 kr, anna materiell etter forbruk

Jordmor

Ultralydundersøking t.o.m veke 11: 1500 kr

Ultralydundersøking f.o.m. veke 12: 1700 kr

  • USB minnepinne + kr. 100  

Konsultasjon med celleprøver m.m.  990 kr + utstyr 150 kr

Konsultason 30min 1290 kr

6-ukerskontroll  med cellerprøver. 1490 kr

Materiell ved eventuelle tilleggsundersøkingar kjem i tillegg 

 

Ultralyd for gravide

Ultralyd utføres av jordmor med vidareutdanning i ultralyddiagnostikk frå NTNU i Trondheim, og lang erfaring innan svangerskap- og fødselsomsorg. For å kunne bekrefte ein graviditet må ein være sikker på å sjå hjerteaksjon. Dette kan bekreftast med vaginal ultralyd frå veke 7.

Abdominal ultralyd kan som regel benyttast frå veke 12.

3D ultralyd er best i svangerskapsveke 23-28, men kan også utførast seinare om forholda ligger til rette. For å få gode bilder er ein avhengig av at barnet ligger med ansiktet vendt utover, at det er nok fostervatn rundt ansiktet og ingen armer, bein eller navlesnor foran.

Bildekvaliteten kan også begrensast av mors vev eler placenta. Gode 3D bilder kan derfor ikkje garanterast. Hvis leie ikkje endrar seg undervegs i undersøkelsen får du vanlige 2 bilder, og det gjerast uansett ein gjennomgang av anatomien, samt vurdering av vekst og fostervannsmengde.

Om undersøkelsen gir mistanke om sjukdom eller avvik blir du henvist vidare til spesialisthelsetenesta.

 

 

2D-ultralyd frå uke 12  

Fosteret sine organ er no ferdig danna. Det måler 52-64 mm, veg 20 gram og liknar ein liten baby. 

  •  Intrauteri intakt graviditet 
  •  Antal foster 
  •  Hjerteaktivitet 
  •  Spontane bevegelser 
  •  Graviditetslengde
  •  Morkakar si plassering 
  •  Mengde fostervatn 
  •  Bildeutskrift 
  •  USB minnepinne (+ kr. 100)  

 

2D og 3D / 4D-ultralyd frå veke 20 

  • Fosterundersøkelse 
  • Organstatus 
  • Uterus
  • Fostervatn 
  • Placenta 
  • Fostervekst beregnet ut fra ul-termin satt rundt uke 18 
  • Bildeutskrift 
  • USB minnepinne (+ kr. 100)  

 

 

Injeksjonsbehandling

PRP går ut på å benytte pasientens eget blodplasma og blodplater til behandling av ulike sjukdomstilstandar i ledd, muskler og sener.
Vi tilbyr to ulike produkter, med og uten Hyaluronsyre.
Behandlinga vert utført ultralydvegleda av radiolog.

 

Kortisoninjesjon for å redusre betennelsestilstandar i ledd og bindevev.

 

Hyaluronsyre er eit polysakkarid som er ein viktig del av bindevevet. Det finst også i leddvæske. Nyare studier viser at behandling med hyaluronsyre i smertefulle ledd som er ramma av slitasjegikt er ein effektiv metode utan alvorlige bivirkningar.

Ostenil inneheld høge nivå av konsentrert hyaluronsyre (HA) som etterlignar effekten av naturleg HA. Det gjenskapar nivåer av HA, som er naturleg redusert under utviklinga av slitasjegikt. HA er kjent for å kontrollere smerte og har viscoelastiske eigenskapar, som kan gi dempning og støtdemping i ledd. HA er også kjent for å bidra til å opprettholde normal væskebalanse i leddet og bidra til å gjenopprette normal leddfunksjon.

Behandling kan gjentas etter behov. Erfaringsmessig vil oppfølgande injeksjon kunne gi ytterligare bedring.

 

 

PRP-

 

Vi kan no tilby PRP injeksjon som behandlingsmetode, vi har allereie gitt denne behandlinga til fleire pasientar. Så vidt vi veit  er vi no einaste private instans som kan tilby PRP på Sunnmøre.

PRP står for “platelet-rich-plasma”. Det vert tappa blodprøve frå pasienten (8-10 mL), blodet vert sentrifugert før vi injiserer tilbake plasma (ca 5 mL) og blodplater i pasienten, på den aktuelle skadestaden (ledd, sene osb.). Injeksjonen vert gjort ultralydvegleia. Volumet kan fordelast på fleire lokalisasjonar hos same pasient.

Metoden har i talrike studier vist seg effektiv for ulike MSK-tilstandar. Best er dokumentasjonen for smertelindring ved gonartrose, samt ved lateral epicondylitt, patellær tendinopati og plantar fascitt, men også ved ulike andre tendinopatiar, enthesopatiar, artrose i andre ledd og ved ulike mindre (idretts-)skadar/ -rupturar er det vist gode resultat.

Metoden baserer seg på dei reparative effektane som oppstår lokalt av dei ulike vekstfaktorane og andre biologiske mediatorar som finst i blodplasma og blodplater. Desse stoffa vert oppkonsentrerte ved preparering (sentrifugering) av plasma. Samstundes separerer ein vekk det aller meste av raude og kvite blodlekamar, noko som er eit gode i denne samanheng. Behandlinga kan vert gitt som enkeltinjeksjon, eller inntil 3 injeksjonar med 1-3 månaders mellomrom. 

Vi tilbyr to ulike produkt for injeksjon; utan og med innhald av Hyaluronsyre (HA). Varianten med HA vert nytta  intraartikulært (typisk ved gonartrose), den uten HA injiserast i blautvev (td. sener/ tendinopatiar). Pasienten bør ikkje nytte NSAIDS første tida etter injeksjon.

 

Prisane våre er konkurransedyktige samanlikna med tilsvarande tilbod i dei større byane. Vi tek imot pasientar utan tilvising, men er takksame for tilvising frå legar og andre behandlarar som finn at deira pasient kan ha nytte av metoden. 

Ulike tilstandar kan gjera at ein ikkje kan sette PRP, mellom desse er ulike typar cancer (myelomatose, leukemi, lymfom), blødarsjukdom, alvorleg trombocytopeni, og graviditet/ amming.

Relevant litteratur: Fylgjande artikkel (som kan søkast opp gjennom Google Scholar) kartlegg effekt av PRP ved gonartrose, og gir også ei grei innføring i tenkt verkemåte for PRP og Hyaluronsyre:

 

Renevier , J-L et al.: Cellular matrix™ PRP-HA”: A new treatment option with platelet-rich plasma and hyaluronic acid for patients with osteoarthritis having had an unsatisfactory clinical response to hyaluronic acid alone: Results of a pilot, multicenter French study with long-term follow-up;   International Journal of Clinical Rheumatology (2018)